Segltur med Storeggen 2025
Fiskerimuseet inviterer publikum til å vere med og segle bankskøyta Storeggen. Storeggen er ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890 – åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, og fiskarane den gongen var gode seglarar.
Dette er ein tur for dei som ønsker å oppleve korleis det er å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte som Storeggen. Du må ikkje kunne segle frå før, men du må kunne ta i eit tak. Vi går frå Fiskerimuseet, ut Molja og dit vinden tek oss.