Minnemarkering Familien Steinfeld – Utstillingsåpning
På Holocaustdagen 27. januar heidrar vi Steinfeld-familien med ei markering som omfattar avduking av minneplakett, utstilling på Aalesund museum og bokbad med Dag Steinfeld på Ålesund bibliotek.
Gjennom markeringa løftar vi fram historia til Steinfeld-familien og minner om korleis Holocaust ramma enkeltmenneske – også her i vår eiga region. Arrangementet set søkelys på både den nasjonale og den lokale delen av denne alvorlege historia.
På Familien Steinfelds plass i Kongens gate vil ordførar Håkon Lykkebø Strand avduke ein minneplakett over familien.
Det vert innlegg frå:
• Dag Steinfeld på vegne av familien.
• Åsta Vadset vil snakke om Lea Steinfeld: mor, hustru og sanitetskvinne. Vadset er rådgjevar for private arkiv ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.
• Musikalsk innslag ved Ulrik Refsnes Lerstad.

Kultursjef Gro Dalen leiar markeringa.
I tillegg kan du vere med på heile programmet vi har lagt opp:
Kl. 17.00 – Aalesund museum
• Opning av utstillinga «Stemmer om familien Steinfeld».
• Vi går samla til avdukinga
Kl. 18.00 – Avduking minneplakett, Steinfelds plass, Kongens gate
• Vi går samla til bokbad
Kl. 19.00 – Ålesund bibliotek
• Bokbad med Dag Steinfeld om boka Mannen som gjekk fri, som kastar nytt lys over politiinspektør Knut Rød og deportasjonen av norske jødar i 1942. Samtaleleiar: Inger Christine Årstad frå Aalesund museum.