Til toppen

Lansering! Årbok for Sunnmøre 101. årgang

Sunnmøre historielag og Viti inviterer til årets samling om lokalhistorie.

Årbok for Sunnmøre 2025 er rykande fersk, og inneheld fleire djupdykk og svært lange reiser.

Vi markerer utvandrarjubileet med forteljinga om sunnmøringar som flytta til Sør-Afrika, og freden i 1945 med hittil upubliserte augevitneskildringar frå krigen.

Boka byr også så ekspedisjonar til Antarktis, jomsvikingar, moskus i Alaska, Fine Line – sko frå Spjelkavika, antirevolusjonære sunnmøringar, lesekunne på 1700-talet, eit forfattarmøte og historia om bygda som redda fyret på Alnes. Her er mykje å gle seg til!

Fleire av forfattarane vil vere til stades, og vil fortelje om artiklane sine. Det blir også eit musikalsk innslag.

 

Forfattarane i Årbok for Sunnmøre 2025 er:

  • Odd Sverre Lovoll,
  • Markus Rønneberg,
  • Ivar Gunnar Braaten,
  • Ingvil Eilertsen Grimstad,
  • Lisa Marie Godø Oksnes,
  • Kjartan Haddal,
  • Kenneth Staurset Fåne,
  • Harald Johannes Krøvel,
  • Oddbjørn Hofseth
  • Oddbjørn Magne Melle

Medlemmer i Sunnmøre historielag får med seg boka heim. Alle andre er velkomne til å kjøpe boka.

 

  • Pris:

    Gratis inngang!

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

04.12.2025

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
Arrangementslenke
QR-kode