Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkesteret
Radarparet frå Ulsteinvik susar vidare, og vi er kjempeglade for at dei tek turen tilbake til oss på Løvenvold Theater nok ein gong! Meir enn 17.000 har sett comebackshowet til Hildegunn & Leif-Per, og laurdag 14. februar har du heile to moglegheiter til å sjå dei.
Humorduoen inviterer nemleg både til matinéshow og kveldsshow på sjølvaste Valentinsdagen. Få med deg showsuksessen til radarparet frå Ulsteinvik utan å beslaglegge resten av laurdagskvelden.
Er det eit show? Er det ein konsert? Vi er ikkje sikre på om Hildegunn & Leif-Per har svaret på akkurat det, men dei lokkar i alle fall med både dramatikk og komikk – og eit saftig låtutval med eigenkomponert materiale i den underkjente singer/songewriter/housewife-tradisjonen. Og ikkje minst er svogeren og drosjesjåføren Leif-Per ifølge rykta Sunnmøres 14. beste gitarist.
Hotellpakkar: Hotel 1904 rett over gata frå teateret tilbyr showpakkar med overnatting for to personar i dobbeltrom – inklusive showbillettar og frukost for berre kr. 2.745,-
For bestilling av showpakkar: post@1904.no eller TLF 70157800
Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg
Regi: Karina Aase
- Billett: https://tikkio.com/events/57972?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
- Dører åpner: 18.00
-
Pris:
599,-