Foredrag: Opplysning, språk og vegens spor
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag ved kulturhistorikar Knut Baar. Han fortel om korleis kampen mot naturen sine grenser var avgjerande for kommunikasjon, samferdsel og fellesskap.
Opplysningstidas idear la grunnlag for meir enn tankar – dei vart teknologiske løysingar som forma eit land og ein nasjon.
På Sunnmøre, eit Noreg i miniatyr med fjell, fjord og hav, vart kunnskap omsett til handling. Fyrbyggarar tende lys langs ei lunefull kystlinje, og vegbyggarar sprengde seg gjennom stupbratte fjellsider for å opne vegar, som den spektakulære Geirangervegen.
Foredraget set fokus på samferdsel i vid forstand, og viser at kampen mot avstand og naturen sine grenser var ei føresetnad for fellesskap – og korleis idear, språk og infrastruktur har bunde Sunnmøre og Noreg saman.
Knut Baar har i ei årrekke arbeida med kulturhistorisk samferdsel, og dei ulike rollene og funksjonane, både i Riksarkivet, i Kystverket og ved fleire museumsinstitusjonar. I dag arbeider han ved Norsk vegmuseum.
-
Pris:
Ordinær: 100,-
Medlem i Sunnmøre Museumslag: gratis