Til toppen

Foredrag: Frå Sunnmøre til Antarktis – nordmenn i Ellsworthekspedisjonane 1933-1939.

Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag ved Kenneth Staurset Fåne, historikar ved Romsdalsmuseet.

Fåne tek oss med på ei fascinerande reise gjennom fire polarekspedisjonar til Antarktis. Fleire sunnmøringar deltok som mannskap på ekspedisjonane.

«Ellsworth Trans-Antarctic Flight Expedition» var namnet på fire polarekspedisjonar til Antarktis. Det var den styrtrike Amerikanaren Lincoln Ellsworth og den australske polforskaren sir Hubert Wilkins som leidde ekspedisjonane.

Ellsworth og Wilkins ville flyge frå kyst til kyst over sydpollandet som dei første nokon gong. Målet var å kartlegge isaudet til då ukjende landskap, og få svar på om sydpollandet var eit stort kontinent eller delt opp i fleire.

For Ellsworth og Wilkins låg det også mykje heider og ære i dette, men det mange ikkje veit er at både båt og mannskap har ei lokal historie.

Ekspedisjonsfartøy vart døypt Wyatt Earp, men heitte opprinneleg M/S Fanefjord og var bygd i Bolsønes verft i Molde. I alt 29 nordmenn var med som mannskap, og mange av dei kom frå Sunnmøre.

  • Pris:

    Inngang: kr. 100
    Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

Dato

30.11.2025
Utløpt!

Tid

13.00 - 14.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Sunnmøre Museumslag
E-post
museumslaget@vitimusea.no
Nettsted
Frivilligheit i Viti-musea

Andre Arrangører

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode