Bursdagsfeiring for Hans Strøm 300 år på Sunnmøre museum
Søndag 25. januar er det 300 år sidan Hans Strøm (1726 – 1797) vart fødd, i Borgund.
Hans vart prest og skreiv mange bøker om liv og natur på Sunnmøre, og han tok godt vare på det nysgjerrige barnet inni seg. Vi syns det må feirast, og inviterer derfor til barnsleg bursdagsfest!
Stad: Bautaen ved Borgund kyrkje og Sunnmøre museum
PROGRAM
12.30 Oppmøte ved inngangen til Borgund kyrkje
Vi legg krans på bautaen etter Hans Strøm, ved inngangen til Borgund kyrkje. Samarbeid med Borgund kyrkje og Sunnmøre historielag.
13.00 – 15.00 Bursdagsfeiring på Sunnmøre museum
Vi startar med ei forteljarstund om Hans Strøm. Etterpå blir det kreativ verkstad der vi lagar flotte pinnedyr. Du må gjerne ta med pinnar og konglar frå museumsområdet. I tillegg blir du med på ei kjekk rebusløype.
Og sjølvsagt – nydeleg bursdagskake og brus til alle! Kaanskje kjem 300 – åringen sjølv…?
Arrangementet er det første av fleire arrangement i høve 300 – årsjubileet for Hans Strøm. Vi samarbeider med Høgskulen i Volda, Nynorsk kultursentrum (ved Aasentunet), Runde Miljøsenter og Romsdalsmuseet.
Viti takkar Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre for støtte til arrangementet.
-
Pris:
Gratis inngang!