Til toppen

Ålesund litteraturfestival 2026: Sanning som vekstsmerter

Ein nær og viktig samtale om korleis det vanskelege òg kan føre til vekst, og korleis sanninga kan vere både ei bør og ei frigjering.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya utanfor Ålesund og debuterte med romanen Sinne i 2020, ei bok som same året vann både Bokhandlerprisen og Årets ulest. Seinare har ho gitt ut ungdomsromanen Eg blir her(2022), og På ein skala frå ein til ti er hennar tredje roman.
Anne-Lise Frøland (f. 1993) er forfattar frå Ålesund. Ho debuterte i 2025 med Tynne rivner av lys, ein roman om psykiatri, pårøranderoller, håp og kor vanskeleg det kan vere å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp. Ho skriv nært, konkret og på nynorsk, med sterke skildringar av både menneske og natur.
Begge forfattarane skriv om det som er tungt å bere, men òg om motet til å stå i det og finne vegen vidare. Gjennom På ein skala frå ein til ti og Tynne rivner av lys viser dei korleis det smertelege kan bli starten på noko nytt, og korleis det å fortelje det sanne kan gi både frigjering og forsoning.
Samtalen blir leia av Mariann Schjeide, ein av landets mest erfarne bibliotek- og litteraturformidlarar. Ho er i dag biblioteksjef ved Høgskulen i Volda.
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle

Dato

23. - 24.01.2026
Utløpt!

Tid

13.00 - 13.45

Sted

Bymisjonssenteret
Parkgata 9, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-15.00 tirsdag, torsdag, fredag. 12.00-17.30 onsdag.
Nettsted
https://kirkensbymisjon.no/bymisjonssenteret-i-alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund litteraturfestival
E-post
alesund.litteraturfestival@gmail.com
Nettsted
Ålesund Litteraturfestival

Andre Arrangører

Kirkens Bymisjon i Møre
Telefon
907 46 081
E-post
more@bymisjon.no
Nettsted
Kirkens Bymisjon i Møre
QR-kode