Til toppen

Ålesund litteraturfestival 2026: Agnes Ravatn & Marit Eikemo – “Lesing i ei rastlaus tid”

Lesing kan ta oss med til andre realitetar, opne for nye synsmåtar og la oss reise både framover og tilbake i tid.
I denne samtalen møter vi forfattarane Agnes Ravatn og Marit Eikemo, som vil ta oss med inn i lesinga si verd. Samtalen blir leia av Endre Ruset.
Samtalen vil mellom anna utforske:
– Kva for bøker forma forfattarane?
– Les forfattarar annleis enn andre?
– Må litteraturen endre seg i møtet med ei digitalisert verd?
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, mellom anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ho har òg skrive populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid igjen, anten ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er hennar femte roman.
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har vore tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteateret i Bergen. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske, og den første romanen hennar, Mellom oss sagt, kom i 2006. Ho har til saman gitt ut seks romanar, den siste er Team Tuva (2021), og ho har òg skrive essayboka Samtidsruinar. Eikemos bøker kombinerer skarpt samfunnsblikk med underhaldande forteljarstil, og ho har motteke fleire prisar, mellom anna Amalie Skram-prisen (2017) og Samlagsprisen (2019), i tillegg til å vere festspeldiktar ved Dei nynorske festspela (2018).
Samtaleleiar: Endre Ruset (f. 1981) frå Molde debuterte med Ribbeinas vingespenn (2001) og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar og pamflettar, mellom anna Kims lek, Noriaki og Elsket og savnet.

Dato

23.01.2026
Utløpt!

Tid

19.00 - 19.45

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Ålesund litteraturfestival
E-post
alesund.litteraturfestival@gmail.com
Nettsted
Ålesund Litteraturfestival

Andre Arrangører

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode