Til toppen

Ålesund litteraturfestival 2026: Agnes Ravatn – Doggerland

Makt, arv og løgner
Den mektige Høst-familien har samla seg til strategimøte ute i havgapet for å førebu eit skifte i det familieeigde forlaget. Kven skal ta over?
Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre fleire hemmelegheiter, ligg alt til rette for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.
I eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps, utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen til litteraturen er truga.
Hyperaktuell underhaldningsbombe. … Agnes Ravatn treff klokkerent i ein smart satire om KI, familiehemmelegheiter og forlagsbransjen. (Aftenposten)
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, mellom anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ho har òg skrive populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid igjen, anten ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er hennar femte roman.
Samtalen blir leia av Bjørn Vatne (forfattar, journalist og leiar av Den norske Forfattarforeininga).

Dato

24.01.2026
Utløpt!

Tid

19.30 - 20.15

Sted

Fabrikken Kulturscene
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
http://www.fabrikkenkulturscene.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund litteraturfestival
E-post
alesund.litteraturfestival@gmail.com
Nettsted
Ålesund Litteraturfestival

Andre Arrangører

Fabrikken Kulturscene
Telefon
934 96 482
E-post
post@fabrikkenkulturscene.no
Nettsted
Fabrikken Kulturscene
QR-kode