Til toppen

Forfattarbesøk – Are Kalvø – Eidet bibliotek

Forfattarmøte med Are Kalvø
Om arrangementet:
Forfattar og komikar Are Kalvø har turnert med førestillinga om si siste bok “Berre bønder lengtar heim” sidan september 2024.
I boka forsøker Kalvø å finne ut kva som er best, å bu i ein stor by eller å bu i ei lita bygd?
Ved å opphalde seg ein månad i Noregs minste kommune Utsira, og Europas største by London, var målet å finne ut kva som er best – smått eller stort, by eller bygd?
Kalvø har hatt eigne spaltar i Dagsavisen og Aftenposten, han har skrive manus og vore programleiar i radio- og fjernsynsprogram på NRK og han vore med på fleire teaterførestillingar.
Arrangementet er del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal
Arrangementet er gratis og ope for alle! Velkomen!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle