Til toppen

Likkledet i Torino – Fakta?

Det tverrfaglege arrangementet i Langevåg i haust skal handle om Likkledet i Torino, og musikken dei høyrde, dei som fant det rundt 1350. Vi er skikkeleg glad for å kunne invitere til ein flott kveld med Wolfgang Plagge og Atle Ottesen Søvik. Dei skal snakke om Likkledet og spele fantastisk musikk som gir oss auka innsikt i korleis dei hadde det, den gongen Likkledet vart oppdaga første gang.
Likkledet i Torino har vore omgitt av mykje mystikk. For mange er det ein viktig, trusstyrkande artefakt, andre meiner det er eit typisk kyrkjeleg marknadsførings-stunt. Vi vil finne meir ut av dette, og inviterer til eit spanande foredrag om temaet, med professor Atle Ottesen Søvik ved MF Vitenskapelige Høyskole (Menighetsfakultetet).
Mykje av debatten rundt likkledet er polarisert og prega av opportunistisk argumentasjon, ein leitar etter gode argument for det ein ønsker å finne. Vi kan love at foredraget i Langevåg ikkje vært slik!
Ottesen Søvik har jobba mykje med Likkledet, og m.a. skrive fleire artiklar som tek for seg dei kjente, akademiske argumenta for og mot Likkledet sin ekthet. Ottesen Søvik er kjent for å vere ein god foredragshaldar, som presenterer vanskeleg stoff på en måte som er tilgjengeleg, samtidig som han er balansert og ikkje lettvint.
Omtrent samstundes som Likkledet kom fram i lyset første gong, oppstod Ars Nova – stilen i Europa. Wolfgang Plagge kjem for å gi oss ei musikalsk og teologisk reise frå oldtida og fram til vår tid, med spesiell fokus på den musikken som var ny, den gongen Likkledet først kom fram i lyset.
Plagge er ein viktig og framståande musikar i Norge. Han har ei omfattande solokarriere og har spelt saman med ei rekke andre framstående musikarar og orkester. Han har stor interesse for tidleg-musikk, og han har også komponert eigne verk, inspirert av Ars Nova.
  • Pris:

    200,-, Vipps eller kontant.
    Ungdom under 18: gratis.

Dato

19.10.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30

Arrangør

Sula kyrkjelyd
Telefon
70 19 96 00
E-post
kyrkjekontoret@sula.kommune.no
Nettsted
Sula Kyrkjelyd
QR-kode

Leave a Comment