Til toppen

Vinternattiné – Eit Lysglimt i Svarte Januar-natta

Vi i Skodje kyrkjekor synest vi hadde eit så vakkert repertoar i anledning Ørskog kyrkje sitt 150 års jubileum at vi berre MÅ resirkulere ein del av dette.
Derfor starter Skodje kyrkjekor året 2024 med å arrangere VINTERNATTINÉ, i og ved Skodje kyrkje, laurdag den 27 januar, kl 22:00.
Vi setter opp ein liten “lavvo”, fyrer opp bålpanner, lykter og fakler og har bestilt knallvêr sidan vi serverer varm suppe frå gryta som heng over eine bålpanna, før vi alle trekker inn i kyrkja. Skodje kyrkjekor, med sin dirigent Tom Gontier, syng handplukka, hjartevarmande songar frå altså tidlegare repertoar, vakkert akkompagnert av organist Arne B Varmedal. Allsong blir der også, før vi seier go’natt, nærmere midnatt.
Kom og opplev eit magisk lyspunkt seint ein laurdagskveld ilag med oss ❣️ Du er herved invitert ❤️
NB! Kle deg etter vêret ✨
  • Pris:

    100,-

Dato

27 jan 2024
Utløpt!

Tid

22.00 - 23.55
Kategori

Arrangør

Skodje Kyrkjekor
Telefon
936 73 504
E-post
Jorunkalvatn2015@gmail.com
QR-kode