Til toppen

Sunnmøre middelalderfestival

Sjå slaget mellom Kongshirden 1260 frå Bergen og Bispeliden frå Trondheim, tungt rusta krigarar som kjempar om makt og ære. La deg rive med i teaterframsyninga om kjærleiken på Giske.

Ta del i herleg gjøgleri og glad mellomaldermusikk. Kle deg i vakre mellomalderkjolar og kyss ein frosk på prinsesseskulen. Lær kampteknikk og riddermanerar på ridderskulen. Spenn opp, dra til og skyt med pil og boge, test ut katapulten, prøv deg i mellomaldersmia eller lær å garve skinn. Dei aller minste kan kjenne kriblinga i magen i mellomalderkarusellen.

Spel mølle og bondesjakk med KJEMPESTORE brikkar, ta eit avbrekk i gapestokken eller lær deg kunsten å farge garn. For den ekstra tålmodige – skriv med blekk og fjærpenn på skriveskulen.

Høyr engasjerande foredrag! Om den spanande falkoneringa i området og om pesten sitt inntog i Noreg – og Borgund.

 

Timeplan

Ny dag

Stikkord: , ,

Dato

03 jun 2023
Utløpt!

Tid

Tidspunkt: Lørdag 3 juni 11-17 og søndag 4. juni 12-17
11.00 - 17.00

Mer info

Les mer

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode