Til toppen

Skodje Grand Prix 2024 – eit jubileumsshow

Torsdag før vinterferien er det igjen klart for ungdomsskulen sitt store show – Grand Prix i Gomerhuset!
Årets Grand Prix-show markerer skulen sitt 50-årsjubileum, og dei åtte sceneinnslaga frå klassene vil bli prega av dette.
Klassene har nemleg trekt kvar sin tidsperiode, med oppdrag om å lage eit forrykande sceneshow med tidsriktige tekstar, tema, musikk, dans og skodespel. Det heile blir innpakka i kostymer, rekvisita og kulissar som passar til perioden. Showet blir framført i kronologisk rekkefølge frå 1974-2024, med skulen sitt 50-års jubileum som bakteppe.
I tillegg til dei åtte sceneinnslaga med tilhøyrande filmar frå alle klassene – vil årets gjesteartist og tidlegare elev Marie Løvås bidra med musikalske innslag under showa.
Også i år blir det to forestillingar, slik at alle som vil kan få med seg årets Grand Prix.
Forestilling 1: kl.17.15-18.15
Dørene opnar kl.17.00
Billettar: https://ebillett.no/gomerhuset/69
Forestilling 2: kl.18.45-21.15 (inkludert kafépause og kåring)
Billettar: https://ebillett.no/gomerhuset/70
Det blir kafé og loddsal heile kvelden både i kantina og i Idrettshallen – der det også blir livestream av sceneshowa på storskjerm.
10.trinnet v/elevar, foreldre og lærarar står som arrangør og overskotet av inntektene går til trinnet sin skuletur til Berlin og Krakow i april.

Dato

15 feb 2024
Utløpt!

Tid

17.15 - 18.15

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Skodje ungdomsskule
Telefon
70244570
E-post
skodje.ungdomsskule@alesund.kommune.no
Nettsted
Skodje Ungdomsskule
QR-kode