Til toppen

Sigvart Dagsland trio m/Von Dess

Ei konsertoppleving med Sigvart Dagsland er ei unik storhending, og eit møte med ein artist som meistrar publikumsrommet til fulle.
Gjennom det totale nærværet sitt og eineståande stemme tek han menneske med seg; frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokalprestasjonar. Alltid med eit skrått og tidvis gapskrattande blikk på dei mange fasettane til tilværa. Alltid med ein djup respekt for dei banda som bind artist og publikum, forteljar og lyttar i saman.
I bagasjen denne gongen har han med seg nye låtar, eldre låtar og stein-gamle låtar.
Med seg på scena har han, forutan seg sjølv på song og flygel, Torjus Vierli på & keyboards & kor og Jango Nilsen på trommer og kor.
Von dess er eit blandakor frå Ålesund. Med dei 34 medlemmene sine har dei sunge seg gjennom 29 år. Blandakoret har mykje energi og godt humør, og har gjort seg merka ved fleire høve. Dei har mellom anna samarbeidd med Horizons Project, Ingrid Helene Håvik frå Highasakite, Peter Jöback, Hanne Krogh og The Real Group.
Den aller ferskaste utmerkinga er deltakinga under NM i kor 2023 i oktober, der dei kom heim med ein sterk 2. plass i si klasse!
Dirigent Roar Mele og Von dess er klar for å skape magi saman med Sigvart Dagsland!

Dato

02 mar 2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 21.00

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode