Til toppen

Nine Lessons and Carols – Julekonsert i Borgund kyrkje

Julekonsert med Borgund og Ellingsøy kyrkjekor, Ålesund kirkekor

Viggo Solum, opplesing. Ola Eide, orgel. Kjetil Kvangarsnes, dirigent.

Saknar du julekonsertar med mykje allsong? Det får du når kyrkjekora i Borgund, Ellingsøy og Ålesund inviterer julekonsert i Borgund kyrkje onsdag 13. desember. Programmet er bygd på den engelske tradisjonen «Festival of Lessons and Carols». Det er ei gudsteneste som blir brukt i den anglikanske kyrkja i advents- og juletida.
Dei ni lesingane, som blir framført av skodespelaren Viggo Solum, er henta både frå det gamle testamentet, med profetiane om Jesu komme, og det nye testamentet der dei mest kjente tekstane som er knytt til jula er med.
Lesingane blir knytt saman med advent- og julesalmar, «Christmas Carols». «Carol» var opphaveleg namnet på ei folkeleg vise med refreng, men etter kvart vart «Carols» brukt om alle julesalmane i engelsk tradisjon.
Dei fleste av salmane koret syng er godt kjende både i den engelske og den norske tradisjonen. Forsamlinga skal få synge med på mange av salmane. Det er gratis inngang.

 

 

  • Pris:

    Gratis

Dato

13 des 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.15

Sted

Borgund kirke
Borgundgavlen 30, 6015 Ålesund
Nettsted
https://www.borgund.menighet.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Borgund menighet
Telefon
70165300
E-post
borgund@kirken-aalesund.no
Nettsted
Borgund Menighet
QR-kode