Til toppen

Lena Nymark: Papirfly

Når Lena Nymark lanserar sitt tredje soloalbum, drar ho lyttaren inn i eit eigekomponert, suggererande univers vi veit du ikkje vil gå glipp av!
At Lena Nymark har både råskap og mangfald i sitt kunstnarskap, blei i vår bekrefta då ho mottok prestisjetunge arbeidsstipendet for kunstnarar, som Staten berre gir dei beste. Ho har tilhald i kunstnarfelleskapet Aggregat i Ålesund, kor ho utøvar prosjekt innan musikk, kunst og teater.
Det er Parken kulturhus som har tinga dette verket frå den begava jazzvokalisten, elektroartisten, musikaren og lydkunstnaren frå Sula. Ho presenterar eit verk som slår modig i frå seg og vi spår at lyttaren vil kjenne korleis musikken verkeleg brøytar og bølgar seg veg gjennom steile blokkeringar mot rein, skjær forløysing. Lydbiletet, slik det ytrar seg på plate, forflyttar seg frå det tette, organiske og klangfulle, mot eit meir forstoppa stakkato, før det flyt over i noko meir rommeleg elektrisk.
Korleis ensemblet vil drive fram energien frå plata i konsertformat, veit berre den som sett seg i salen og lyttar til dette duggfriske, drivande og rett ut inspirerande lyduniverset! At også videokunstner Mateo Christensen er invitert med inn for å vise si visuelle tolkning av lydbiletet, sett ei særleg spanande ramme for eit verk som allereie kler dei store salar.
Lena Nymark behersker sjølv all treblås, synth og trombone, men har invitert inn kollegaer som ho meiner kan tilføre prosjektet den energi ho jaktar på. Ho skildrar at ho har jobba inn mot den mest åpne staden i seg sjølv. Det er her ho kan møte det som er av lyd i ho, kjenne hva som skjer, kvar lyden leiar og drar medan ho komponerar. Så treng ho djupare inn, i lag med musikarar som kan halde rom for alt det åpne. Det fordrar kollegaer som kan bli med inn i alt det Nymark har komponert, og gå det i møte, både med ei fri haldning og disiplin.
Når Nymark ønska Jørgen Træen, ved Duper Studio i Bergen, som produsent for plata, var det i tru om at han kunne bringe inn både det opne og intense, men også det strenge som krevst for kvalitet. Træen er renomert for sitt arbeid med artistar som Jaga jazzist, Kaizers og Sondre Lerche, og har nok vore eit smart val!
Lena Nymark har over fleire tiår vist seg som ein leiken og utforskande musiker, utan behov for merkelappar. Ho er utdanna musikkpedagog fra Noregs musikkhøgskole, og logoped fra NTNU. Med plata Papirfly visar ho seg på sitt mest kompromisslause, og demonstrerar kor mykje ho har å spele på som artist og komponist.
Medvirkande:
Erik Johannesen: Trombone, synther
Bjørn Thevik: Synther
Karl Hjalmar Nyberg: Saksofon, klarinett, synther.
Øyvind Skarbø: Trommer
Konserten er støtta av:
Komponistenes vederlagsfond, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Møre og Romsdal fylke, Kulturdirektoratet

Dato

08 sep 2023
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus

Andre Arrangører

Jazzsirkelen
E-post
post@jazzsirkelen.no
Nettsted
Jazzsirkelen
QR-kode