Til toppen

Konsert: Sunnmøre kristelege mannskor

Framleis er koret høgst oppegåande, og denne helga kjem dei rett frå plateopptak i Volda kyrkje for å halde konsert i ålesundsregionen.
Det var i 1932 dei tok til å reise rundt på Sunnmøre med båt i påska for å forkynne evangeliet med songen sin. Bortsett frå ei par år under krigen, og no under pandemien, har dei halde på med dette kvart år. Landskjende vart dei etter plateinnspelinga av Himmelske Fader med solist Randulf Saunes i 1955. I fjor fylte koret 90 år, og då vart det utgitt ei jubileumsbok som er til sals, og kan kjøpast etter konserten.
Koret har alltid samla inn pengar til det kristelege ungdomsarbeidet i KFUK/KFUM, så også denne kvelden vert det høve til å gi ei gåve til dette føremålet.
VELKOMNE

Dato

08 okt 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Spjelkavik kirke
Vestmoa 20, 6018 Ålesund
Nettsted
https://www.spjelkavik.kyrkjelyd.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Spjelkavik kyrkjelyd
Telefon
70165300
E-post
spjelkavik@kyrkja.alesund.no
Nettsted
Spjelkavik Kyrkjelyd
QR-kode