Til toppen

Jul på Sunnmørsk

For tredje år på rad er Aasentunet glade for å invitere publikum til ei fin førjulsstund med nye tolkingar av kjende og kjære julesongar. I år får vi òg høyre mykje ny musikk, og vi gler oss stort!
Sidan 2013 har Jul på Sunnmørsk levert populære julekonsertar der dei framelskar det faktum at jula ikkje nødvendigvis må være så snødekt og gullforgylt, slik vi ofte høyrer i dei typiske amerikanske julesongane. No markerer dei 10-årsjubileet sitt, og gir samstundes ut dobbel-LP med tittelen “Nokre ler og nokre gret”.
Nokre av dei beste norske jazzmusikarane er samla i prosjektet Jul på Sunnmørsk. Dei har laga eit produkt som gir folk nye felles referansar, gjennom å løfte fram tradisjonane me kjenner så godt til. Dei brenn for at lokale ord og uttrykk – i tillegg til gamle lokale melodiar – ikkje skal gå i gløymeboka.
Vokalist Siril Malmedal Hauge har skrive dei fleste tekstane til prosjektet. Ho har passa på å ha med nokre av tradisjonane som minner oss om jula, både dei fine og idylliske, og dei irriterande typiske. Musikarane har til saman ein brei palett av musikalske referansar gjennom stor aktivitet i mange ulike prosjekt på den norske pop- og jazzscena. Dette er derfor musikk som er iøyrefallande for folk frå kvar som helst. Ja, dei har til og med fans i Japan!
Vi får også høyre om kjent jule-tematikk, som at svoren helst bør være sprø, , dei uteljelege typane julekaker som må, bør og skal lagast, og sjølvsagt ein blues som ein hyllest til den segnomspunne lutefisken!
Høyr eit sylkvast band markere sine ti år med brask og bram!
Jul på Sunnmørsk består av:
Siril Malmedal Hauge – vokal, fløyte
Sondre Ferstad – munnspel, trekkspel
Kjetil Jerve – tangentar
Martin Morland – kontrabass
Henrik Lødøen – trommer
Stikkord: , , ,

Dato

19 des 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Nettsted
https://nynorsk.no/aasentunet/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Jul på Sunnmørsk
Nettsted
Jul på Sunnmørsk
QR-kode