Til toppen

Jazzsirkelen: Skarbø Skulekorps og Sundesthesia

Dette er definitivt ein av dei mest spanande konsertane Jazzsirkelen har på Quality Hotel dette halvåret.
30 unge musikarar skal framføre originalskrive musikk på Quality Hotel Ålesund den 02.02.
Klokka 21.00
Først ut er “Skarbø Skulekorps”, som ikkje er noko ordinært skulekorps, men godt etablerte jazzmusikarar som har tatt med seg lagånda inn i jazzen på ein særs kreativ måte, og etter pausen stiller elevar frå jazzlinja på Sund Folkehøgskule med sine originale verk av høg kvalitet.
Skarbø Skulekorps er på korpstur, og endelig går turen til Ålesund! Etter fem år, med tre kritikerroste album, opptreden i gullrekka på NRK, og tallause konsertar, er korpset meir samspelt enn nokon gong. Den siste plata, Innesko, kom i april 2023 og var like eklektisk og sprudlande som dei to førregåande. “Et overskuddsprosjekt av de sjeldne,” skreiv Dagavisen. 60-tals jazz med 80-tals synth? Samtidsmusikk med steelgitar og banjo? Ja takk!
Her er Skarbø Skulekorps på Lindmo, NRK:
https://www.nrk.no/…/34c8fc20-b802-41a9-bcc8-205e7e6ec637
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk
Eirik Hegdal: C Melody sax, klarinett, synth
Erik Johannessen: trombone, elektronikk
Stian Omenås: trompet, synth, perkusjon
Ivar Grydeland: pedal steel, gitar
TBA: bass, synth
Øyvind Skarbø: trommer
Sundesthesia:
Sund Jazzlinje på turne! Kvart skuleår dreg jazzlinja på Sund folkehøyskole på turne med eigenskrivne låtar, og no er det årets kull. Vi er “Sundesthesia” som tek utgangspunkt i synestesi som er korleis fargar vert kobla til lyd i hjerna. Sundesthesia ønskar å gi publikum ei heilheitleg oppleving som vil huskast. Musikken kan samanliknast med fargerike maleri, store kontrastar, fleire lag og detaljar. Med eit så stort musikalsk maleri laga av 22 musikarar er det vanskeleg å ikkje bli rive med. Med 21 musikarar i bandet blir det mange ulike inspirasjonar og fargeutrykk i låtane, det blir store kontrastar, heftige grooves, deilige blåsearrangement, og fargerike soloar.
Øygunn Hauffen – vokal, Ingeborg Skrede – vokal, Gunhild Gjøsund Kleppen – vokal, Jenny Vik – Fløyte, Simon Vestli – alt sax, Jostein Graff – Baryton sax, Maren Pernille Vartdal Skjong – Trompet, Zacharias Ellingsen – Trompet, Móeidur Loftsdóttir – Trompet, Kristian Egge Jordheim – Trombone, Leo Aske Nannestad – Gitar, Ole-Hellik Lobben-Seth – Gitar, Nikolai Hansli – piano, Runa Kirby Torbo – bass, Per Norendal – bass, Håvard Hausberg – bass, Ask Viste – bass, Embla Bang Frantzen – trommer, Mikkel Baltasar Eilertsen Nordtveit – trommer, Ib Hilden – trommer, Espen O´Connell.
Konserten er å anbefale for alle med sans for spanande musikk på høgt nivå, og kan inspirere såvel korpsmusikarar som jazzmusikarar, elevar og lærarar i kulturskular og musikklinjer, og ellers deg som er open for kulturelle fyrverkeri.

Dato

02 feb 2024
Utløpt!

Tid

21.00 - 23.00

Sted

Quality Hotel Ålesund
Sorenskriver Bulls gate 7, 6002 Ålesund
Nettsted
https://www.strawberry.no/hotell/norge/alesund/quality-hotel-alesund/
Kategori

Arrangør

Jazzsirkelen
E-post
post@jazzsirkelen.no
Nettsted
Jazzsirkelen
QR-kode