Til toppen

Jazzsirkelen: Roaldsnes/Hasselgård kvartett: Plateslepp!

Vinteren 2024 kjem debutalbumet til Roaldsnes/Hasselgård «Snart skal jeg våkne» ut på det anerkjende plateselskapet Nye Nor. Dag-Filip Roaldsnes og Vegard Hasselgård har gått saman i eit nytt prosjekt der dei skriv fram melodiar og historier om dagane, nettene, draumane og menneska. Inspirert av filmmusikk, minimalisme, jazz, brevvekslingar og diktsamlingar, er dette musikk med melodisk teft og nerve.
Dag-Filip Roaldsnes-piano
Vegard Hasselgård-gitar
Jonas K. Vemøy-trompet
TBA-kontrabass
Dag-Filip Roaldsnes er pianist og komponist med bakgrunn frå Norges musikkhøgskule, der han studerte hos Misha Alperin. Roaldsnes fekk Ungjazzprisen i 2012, same år blei hans debutalbum kåra til eit av årets album av Terje Mosnes i Dagbladet.
Dag-Filip er ein etterspurt pianist og arrangør i mange samanhengar, og har jobba med folk som Edvard Hoem, Hanna Paulsberg, Karl Seglem, Jorun Marie Kvernberg, Ålesund strykekvartett, Nils-Øivind Haagensen og popbandet The Margarets.
Vegard Hasselgård er gitarist og komponist med utdanning frå Norges musikkhøgskule, der han studerte med Jon Eberson. Hasselgård er for tida aktuell på albumet «Min lille by» av Hilde Brunsvik, der han spelar med musikarar som Karl Seglem, Tore Sandbakken og Ellen Brekken. Hasselgård komponerer også musikk for stumfilm, med nyleg urframføring på Sentralen, Oslo. I 2024 kjem Hasselgård med albumet «Til skogs» saman med bassist Andreas Haga, kjend frå jazztrioen «Maridalen».

Dato

16 feb 2024
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00

Sted 2

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus

Andre Arrangører

Jazzsirkelen
E-post
post@jazzsirkelen.no
Nettsted
Jazzsirkelen
QR-kode