Til toppen

Jazzsirkelen: Blue Horn Jazzband

Blue Horn Jazzband
er eit jazzband med base i Sykkylven. Bandet vart starta i 1997 av Terje Frøystad (1950–2011) og Jan Lade, begge var tidlegare drivkrefter i Sykkylven storband som hadde røter tilbake til 1968. Bandet har sitt utgangspunkt i trad- og swingmusikken med repertoar mest frå perioden 1912-1940. Medlemene har vore frå Sykkylven, Ålesund og Molde. Bandet har delteke på ei rekkje tradjazzfestivalar i Skandinavia og har vore på jazzcruise på Nilen.
Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den siste live frå kyrkjekonsert med Marilyn Keller (USA) og bandets faste vokalist, Margrethe Velle Ødegård.
Frå 2019 har bandet hatt følgjande besetning: Arnfinn Grebstad (altsax, klarinett, fløyte), Jan Lade (trompet, flygelhorn), Halstein Kurseth (gitar, banjo, vokal), Sveinung Utgård (kontrabass), Stein Lied (slagverk), Thore Senneset (tenorsaksofon) og Margrethe Velle Ødegård (vokal).
CD-utgjevingar:
*With a heart full of rythm. 2002.
*Trad and sweet. 2008.
*Together. 2011.
Stikkord: , ,

Dato

18 mar 2023
Utløpt!

Tid

14.00 - 16.00

Sted

Quality Hotel Ålesund
Sorenskriver Bulls gate 7, 6002 Ålesund
Nettsted
https://www.strawberry.no/hotell/norge/alesund/quality-hotel-alesund/
Kategori

Arrangør

Jazzsirkelen
E-post
post@jazzsirkelen.no
Nettsted
Jazzsirkelen
QR-kode