Til toppen

Introduksjonskurs i Risograph printing

Endeleg kan Aggregat Kunstnerfellesskap tilby opplæring i teknikken risograph printing, på vår nyinnkjøpte riso duplicator SF9350.
Vi tilbyr 2-3 fargar i kurset og maks storleik A3-format på trykket.
Maks 8 deltakarar kan delta på dette kurset.
Biletkunstnar Ivan Dujmusic tek kursdeltakarane gjennom korleis teknikken gjennomførast direkte på riso duplicatoren. Samt korleis ein kan starte opp med produksjon av kunstnariske teknikkar som risograph print og artist book.
Fredag 14.april kl. 18.00-20.00: Innføring i teknikken og oppsett av risografen.
Laurdag 15.april kl. 12.00-16.00 Trykking direkte på risografen, i dette kurset blir det ingen digital behandling på forhånd.
Søndag 16.april kl. 12.00-16.00:
Vidare eksperimentering og trykking, samt enkle bretteteknikkar for kunstnarbok.
Pris: 2520,- inklusiv materialar
Er du interessert i å vere med på kurset, send mail til mottaketkunst@gmail.com
#Risografi er ein trykkteknikk som ligg eit sted mellom det analoge og det digitale. I risografi trykkes det éin farge om gongen med stensilar tilsvarande silketrykk, men maskinelt. Originalar kan vere teikna, klipt ut, foto, flate objekt som kan skannes – eller tekst.
Riso-trykkfargane er delvis transparente og blandar seg når man trykker flerie farger over kvarandre. Trykkfargane er begrensa til nokre fargar, men allikevel er det mange moglegheiter for å produsere fargesterke og unike #trykk.
Eksperimentering vert ein del av prosessen i kurset!
Vi sett opp kurs for meir avanserte teknikkar som fargeseparering og digitale behandlingar på eit seinare tidspunkt.
  • Pris:

    2520,-

Dato

14 apr 2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 20.00

Mer info

Les mer

Sted

Aggregat Kunstnerfellesskap
Torghallen, Nedre Strandgate 9A, 6004 Ålesund
Nettsted
https://www.aggregatkunst.com/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Aggregat Kunstnerfellesskap
Telefon
90951346
E-post
leder.aggregat@gmail.com
Nettsted
Aggregat Kunstnerfellesskap
QR-kode