Til toppen

Historiekveld i historiske Giske kyrkje

Ver helsa!

For tredje år på rad så byr Stiftinga Giskespelet inn til historiekveld i Giske kyrkje – sjølv om det i år ikkje er Giskespel.

I årets utgåve, som dei har valt å kalle “ Olavs – arven”, har dei igjen fått spanande, både nasjonale og lokale, foredragshaldarar, til å ta oss tusen år attende i tid. Professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde og middelalderarkeolog Øystein Ekroll, ser begge til Giske frå deira ståstad, i tillegg til vår eigen Arnungespesialist, Arne Tunheim.  Alle gode formidlere av vår felles nasjonale historie. I tillegg vert det tidsrett song frå vårt eminente Giske Mannskor.

Årets kyrkjearrangement i dette spelfrie året, er eit samarbeidsprosjekt med Giske kyrkje.

Vel møtt!

Dato

17 jun 2023
Utløpt!

Tid

16.00 - 18.00

Sted

Giske Amfi
Giske Amfi
QR-kode