Til toppen

Foredrag: «Helleborg 1» – huset med den mørke historia

Det starta i 1924 med teikningar av byarkitekt Øyvin Berg Grimnes. Grimnes har sett mykje preg på Ålesund med bygningar som Løvenvold kino og Aspøy skole.

Helleborg vart opphaveleg bygd som bustad for leiinga ved Latinskolen. Rektor budde i øvste etasje, derfor namnet «Rektorboligen».

Då krigen kom fatta okkupasjonsmakta interesse for huset. Dei tilsette ved Latinskolen vart kasta ut, og huset vart nytta som hovudkvarter for Gestapo. I kjellaren vart det bygd celler for fangar, og det vart gjennomført tøffe avhøyr og tortur av folk som var mistenkt for å ha sett seg imot okkupasjonsmakta.

Historiene frå denne tida er mange, og dramatiske. I dag er hundreåringen på Aspøya framleis ei arkitektonisk perle i bybiletet, og ein god heim for generasjonar.

 

Etter foredraget vert det gjennomført årsmøte i Sunnmøre Museumslag.

  • Pris:

    Inngang: Kr 50
    Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

Dato

28 apr 2024
Utløpt!

Tid

13.00 - 14.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode