Til toppen

Fjørefado: Anita Valderhaug og Ålesund Strykekvartett

Portugisisk fado på dialekt.
Medvirkende: Anita Valderhaug, Bjørnar Myhr, Jo Fougner Skaansar og Ålesund Strykekvartett
Tarjei Krogh skreiv etter ei konsertoppleving med Anita, då med Folk og Røvere, i oktober i år:
«Anitas guddommelege stemme og pusten kiler meg i øyret og minner meg på det organiske ekte livet som eigentleg er opphavet mitt».
Dette er ikkje fado slik du får det gatene i Lisboa eller i Coimbra. Dette er fado slik saudade låter på Vigra; gitarane er bytta ut med Bjørnar Myhr sine arrangement for Jo på kontrabass, Ai-Ling og Laurens på fiolin, Linda på bratsj, Samuel på cello og Bjørnar ved flygelet. Og tekstane er noko portugisisk, aller mest på vigradialekt.
Og kanskje er det ikkje kvar ein kjem frå som avgjer innverknaden til musikken. Av og til skal ein berre vere til stades. Denne kvelden møtest me i spennet mellom bakkekontakt og utferdtrong, frå fjørekanten på Vigra med antenner retta sørover -og innover.

Dato

23 mar 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.00

Kostnad

350 KR
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus

Andre Arrangører

Ålesund Strykekvartett
Telefon
70163482
E-post
strykekvartetten@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesund Strykekvartett
QR-kode