Til toppen

Fjord Cadenza: INTRO – For full hals og med hendene i veret

Det er vel knappast noko som er kjekkare enn å synge i lag. Om du hugsar første ordet, berre melodien eller alle 5 versa spelar inga rolle. Å synge med den stemmen du har held lenge.😄
INTRO har denne våren hatt eit morosamt samarbeid med barnehagane på Skodje, Valle og Stette. Vi har sunge og leika saman fordi vi synes det er skikkeleg kjekt og fordi vi er opptekne av å halde barnesongtradisjonane våre levande.🎶🌟
No vil vi invitere alle familiane på barnehagene til å vere med. Det blir enkle songar, flott musikk og mykje latter. Det viktigaste er å vere i lag. Etter songstunda blir det grautservering. Og alt er gratis!💚
Å synge i lag med barn er noko av det viktigaste vi gjer som vaksne. Om det er Bæ bæ, lille lam, Kardemomme by – sangen eller Alle fugler små de er. Sangen er ein gratis lykkepille for små og store. Ikkje alle er like vande med å synge, men da blir det kanskje litt lettare om vi gjer det saman? I verste fall kan du kome til å tralle på veg ut…😉
Ta med deg gjengen din og kom!
Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd, Sparebanken Møre og Møre og romsdal fylkeskommune.
  • Pris:

    Gratis

Dato

10 jun 2023
Utløpt!

Tid

12.00 - 13.30

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza
QR-kode