Til toppen

Christmas with Nordic Tenors

Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og den virtuose pianisten deira Torgeir Koppang.
For attande året skaper tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon, ein julekonsert som garantert vil sette deg i den gode julestemninga.
Framsyninga er ikkje berre ein fryd for øyret, men også for auget, då dei har med seg Andreas Ohldieck, ei av dei gryande stjernene på den stadig veksande himmelen av norske videokunstnarar.
Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak.
Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjarte over heile landet.

Dato

11 des 2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30
Kategori
QR-kode