Til toppen

Bokpresentasjon: Arven frå Molaupsulykka

Eli Anne Tvergrov har skrive boka Arven etter Molaupsulykka, og gir den ut saman med Møre og Romsdal Røde Kors.

Velkomen til auditoriet «Brosundet» i hovedbygninga på NTNU. Her får du ein 45 minutters presentasjon av boka, og høyre om dei som har vore involvert i prosjektet med å lage denne.

Gratis arrangement og høve til å kjøpe boka etterpå.

Fagboka er til nytte for deg som er glad i snøen, for deg som har yrke eller interesser blant fjordane og fjella. Utgangspunktet er snøskredet den 24. november 1971 i Hjørundfjord. Dette er ei av dei verste ulykkene som nokon gong har råka dette området i nyare tid.

Innhaldet kretsar rundt risikoleiing i ein ekstrem situasjon, risikoanalysane ved snøskred, påverknadsprosessane, krisehandtering, kommunikasjon, naboskap, og om utviklinga av norsk og internasjonal vinterberedskap. Dette er lokalhistorie, men boka fevner tidlaust og utover geografi. Det handlar om viljen til å hjelpe kvarandre, og om konsekvensane det å gå i innsats kan gi einskildpersonar resten av livet.

Her får du høyre om heile det store apparatet som set seg i sving, om eit skred går.

Historia er 50 år gamal men til stor hjelp for å forstå i fall noko liknande hadde hendt i notid.

Inntektene er øyremerka til vidareutvikling av den frivillige skred- og vinterberedskapen på Sunnmøre.

Meir om boka:
https://www.rodekors.no/arven-molaupsulykka

 

📸 Meir om arrangementet også på dette innlegget https://www.facebook.com/share/uAKEMqJaYpQ8F39a/?mibextid=9l3rBW

  • Dører åpner: 15.15
  • Aldersgrense: 12
  • Pris:

    Gratis.

Dato

12 des 2023
Utløpt!

Tid

16.00 - 17.00

Sted

NTNU Ålesund
Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund
Nettsted
https://www.ntnu.no/alesund?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
QR-kode