Til toppen

Bjørn Eidsvåg m/band

Etter eit halvt hundreår i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I vinter var han å sjå i «Hver gang vi møtes» på TV2, der programmet hans hadde sjåarrekord og vart den mest sette episoden i programmets historie. I haust tek den folkekjære artisten med seg bandet sitt på turné, der publikum vil få både kjende og kjære låtar, og kanskje ein live-versjon eller to frå «Hver gang vi møtes».
Siden premiera av «Hver gang vi møtes» har fleire av Bjørns tolkingar entra topplista over dei mest populære låtane på Spotify i Noreg. Samtidig har fleire av tolkingane til dei andre artistane av Bjørn sine låtar teke Noreg med storm. I fleire veker låg Emma Steinbakken sin versjonen av «Floden» på 1. plass og Isah og Maria Mena sin «Alt du vil ha» på 2. plass.
No ser Bjørn fram til å møte publikum og legg ut på turné med bandet sitt.
– 2023 ser ut til å bli eit utfordrande år. Det ligg ei mørk sky over Europa. Høge straumprisar og høgare renter kjennest truande for mange. Men vi legg oss ikkje ned, vi gjer kva vi kan for å løfte opp håp og kjærleik. Vi har tru på gode møte og fine opplevingar. Og vi har tru på forteljingane og musikken si evne til å løfte oss opp. Vi bidreg med den vesle skjerven vår og legg ut på turné igjen. Vi får nok ikkje stoppe krigen eller senke straumprisane og renta, men vi vil gjerne spreie håp og glede, fortel Bjørn.
Sjølv etter ein lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell og evnar å fornye musikkuttrykket sitt. Bakgrunnen hans som prest og frå arbeid i psykiatrien har i stor grad påverka låtane hans, men også hans evne til å formidle dei. Tallause nordmenn har eit nært forhold til låtane som «Eg Ser» og «Skyfri himmel». Dei nære og såre temaa speglar seg av også i Bjørn sine konsertar gjennom personlege historier som ber preg av både alvor og humor. Han har ei unik evne til å komme tett på publikummet sitt, og det er i møte med publikum musikken og historiene får skine som mest og leve vidare i nye former.

Dato

10 nov 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode