Til toppen

Aalesunds Ungdomsmusikkorps: AaUM i hundre!

Aalesunds Ungdomsmusikkorps inviterer til feiring av korpset sitt 100-årsjubileum med eit program som spenner over mange sjangrar og tidsperiodar. Der blir det mektig orkestermusikk, flotte solistar, show-sus – og ein marsj eller to. For ikkje å gløyme Tom Gontiers suverene bestillingverk som skildrar bybrannen.
Korpset har engasjert ikkje mindre enn tre dirigentar til denne konserten:
– Runar Tafjord – kjent frå Brazz Brothers og som både utøvar, pedagog, dirigent og orkesterleiar i mange samanhengar og i mange sjangrar. Dirigerte julekonsertane våre i 2021 og 2002 og er også engasjert for julekonserten 2023.
– Stian Svendsen – mykje nytta dirigent både for symfoniorkester, m.a. Ålesund Symfoniorkester, Operaorkesteret i Kristiansund, Romsdalsorkesteret, korps og blåseensemble. Dirigerte korpset under NM Janitsjar i 2022 og 2023, og er også engasjert for 2024.
– Tor Haram – den faste dirigenten til korpset frå 1980 til 1994, og han har også vore gjestedirigent ved seinare høve. Messingpedagog på Ålesund kulturskule frå 1978 til 2023(!) med waldhorn som hovudinstrument. Hornist i Ålesund Symfoniorkester.
Desse tre har alle dirigert konsertar med korpset dei siste to, tre åra, og dei er garantistar for både kvalitet og variasjon i repertoaret.
Solist er Marinette Tonning – Olsen, hornist i Kringkastingsorkesteret sidan 2012. Ho er tidlegare elev av Tor Haram. Byrja i Nørvasund (no Hatlane) skulekorps og var også medlem i Aalesunds Ungdomsmusikkorps i fleire år før ho drog ut for å studera musikk.

Dato

22 okt 2023
Utløpt!

Tid

17.30 - 19.00

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode