Til toppen

Teatret Vårt: Teaterrottene

Bli med teaterrottene på superduperhemmeleg oppdrag.

I kulissane på teatret er det teaterrottene som styrer og ordnar. Dei er dei usynlige hjelparane som syr og lappar kostymer og dei som fiksar, vaskar og kostar slik at alt går knirkefritt på scena.

No er det nok, meiner Pernille og rottefetter Jeppe. Dei gidd ikkje meir! Dei er lei av å alltid måtte rydde og ordne. Dei bestemmer seg for å snike seg unna – utan at Rottebestemor veit det!

Når dei endeleg er fri frå rottepliktene kjem dei plutseleg over eit publikum å vere saman med. Jeppe og Pernille kan ikkje motstå den store freistinga. Dei må underhalde publikum!

Med song, musikk og kanskje til og med litt ramping, tek dei publikum med på eit eventyr utanom det vanlege. Vil Jeppe og Pernille klare å halde seg skjult for teatersjefen og samtidig gje publikum den beste opplevinga nokonsinne?

Velkommen til eit superduperhemmeleg møte med Teaterrottene Pernille og Jeppe.

Dato

08 feb 2024
Utløpt!

Tid

18.00 - 18.45

Sted

Arbeideren kulturhus
Lorkenesgata 2, 6002 Ålesund
Opening Hour
09.00-15.00 mandag-fredag. 11.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/for-arrangorar/arbeideren-kulturhus.29925.aspx?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Arbeideren kulturhus
Telefon
70162468
E-post
parkenkulturhus@alesund.kommune.no
Nettsted
Arbeideren Kulturhus

Andre Arrangører

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt
QR-kode