Til toppen

Teatret Vårt: Norsk sangbok

Bli med på ei oppleving utanom det vanlege når Teatret Vårt inviterer til ei musikalsk reise gjennom Norsk songbok.

Eit humoristisk blikk på kulturkampen

Bli med på ei oppleving utanom det vanlege når Teatret Vårt inviterer til ei musikalsk reise gjennom Norsk songbok. Vi møter ei kreativ og ivrig songgruppe som ønskjer å lage ei framsyning om den norske fellesskapen i møte med samtida.

Vi lovar song, humor, svele, lykkehjul – blanda med ei god dose karaktertolkingar i brutal kulturkamp om fellesskapen. Forutan songar frå Norsk songbok er tekstane fritt henta frå ulike Facebookprofiler og ChatGPT, og sett saman av Tormod Carlsen og ensemblet. Korleis synge fleirstemt når roller speler roller og det norskaste av det norske er blitt å vere eit einsamt troll?

Norsk songbok har gjennomgått stadige fornyingar. Med eit mangfald av songar som resonnerer med den norske fellesskapen, presenterar vi eit variert utval –  frå tradisjonelle arbeidarsongar til moderne poplåtar.

Forskarar har bevist at vi får ein hormonell lykkedusj når vi syng, og songen har historisk ein sterk posisjon som kulturuttrykk i Noreg. Likevel syng vi no stadig mindre i skulen, på sjukeheimar og ved offentlege arrangement. Betyr det at sjølve fellesskapen syng på siste vers? Det vil vi gjere noko med!

Dato

28 apr 2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.45

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus

Andre Arrangører

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt
QR-kode