Til toppen

Teatret Vårt: Danse med skjebnen

Musikkteater basert på låtane til Dance With a Stranger

Vi befinn oss på eit ukjent sted ved havet. Den siste ferja har gått, men det er framleis lys i det slitne rommet. Her møtest tre menneske som søkjer seg bort og som lengtar etter noko dei ikkje heilt veit kva er.

Mannen kom akkurat for seint til siste avgang. Kvinna fyller opp kiosken sjølv om kundane er borte. Og ferjemannen dirigerar ein ferjekø som er tom for biler. Det oppstår både humoristiske og underlege situasjonar når forsøka deira på å reisa vidare stadig blir avbrote. I det vesle rommet har eit band vorte sitjande lenge og nesten vorte ein del av inventaret. Gradvis finn dei tilbake til samspelet når dei tre ukjende kjem inn og byrjar å nøste i musikalske minne.

Danse med skjebnen er ei reise inn i eit mystisk og musikalsk univers der det kan vera uklart kva som er draum og kva som er røyndom. Framsyninga handlar om små forventningar som ikkje vert innfridd, og korleis ein kan komma seg vidare når alt verkar mørkt.

Dance With a Stranger sine låtar og musikk er ryggrada i musikkteaterstykket Danse med skjebnen. Med sine folkekjære hits og tre Spellemann-prisar, er Dance With a Stranger ein del av nordmørsk og norsk musikkhistorie. I Danse med skjebnen er låtane gjendikta til dialekt av Eli Stålhand, og Vidar Kvalshaug har skrive ei ny forteljing.

Dato

20 apr 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.15

Mer info

Les mer

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt

Andre Arrangører

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode