Rubin Langmo: Krigshelten som forsvann
Motstandsmannen Rubin Langmo vart etter andre verdskrigen tildelt Krigskorset med sverd, den høgste utmerkinga i Noreg. Lingemannen Langmo var aktiv som sabotør, instruktør og spion under krigen. Likevel er han ikkje blant dei mest kjende krigsheltane våre. Kven var han eigentleg? Journalist og forfattar Svein Linge har skrive bok om Langmo. 20. april kjem han til biblioteket for å forsøke å svare på dette spørsmålet.