Til toppen

Riksteatret – Fantorangen på teater

Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen!
Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel …?
Fantorangen har gleda barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og vennane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.
«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet. ��
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

06 sep 2024

Tid

18.00 - 18.45

Mer info

Les mer

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus

Andre Arrangører

Riksteatret
Telefon
24144200
E-post
post@riksteatret.no
Nettsted
Riksteatret
Les mer
QR-kode