Til toppen

Riksteatret: Bonnie & Clyde

Bonnie & Clyde
Samfunnsfiendar eller folkeheltar?
Dei levde saman, rana saman, drepte saman og døydde saman. Bonnie og Clyde var uskiljande. Hadde dei nokonsinne moglegheit til å velge eit anna liv?
Det unge kjærastparet frå slummen i sørstatane herja under depresjonen på 1930-talet. Livet deira fekk kultstatus og har inspirert eit utal artistar, filmar og bøker. Her får du sjansen til å oppleve historia i ein gripande og spektakulær teaterproduksjon.
Framsyninga tar deg med på ei reise gjennom Bonnie og Clydes dramatiske liv. Vi møter menneska bak den hardkokte fasaden. Var dei berre samfunnsfiendar, eller på sin måte også folkeheltar? Kan vi sjå på brotsverka deira som eit opprør mot makthavarane, eller eit forsøk på å skape sin eigen veg i ei urettferdig verd?
Riksteatrets Bonnie & Clyde er ei forteljing om gnistrande kjærleik, dragninga mot det ulovlege, klassekamp og håpet om eit betre liv. Og om ein familie som aldri snudde dei ryggen.
Regissør og koreograf Belinda Braza skapar spektakulære framsyningar der ho kombinerer lys, lyd, popmusikk og dans på ein unik måte. Saman med scenograf Clement Irbil, kostymedesignar Ingrid Nylander, musikalsk ansvarleg Peter Baden og dramaturg Cici Henriksen, inviterer ho publikum med på ei actionfylt og musikalsk reise – bak mytene om det legendariske kjærastparet. På scenen møter du Siri Black, Sondrey, Heidi G. Broch, Jakob Stabell og Chris Masters.
Framsyningslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 26. januar 2024. Turnépremiere i Moss 30. januar 2024
Av Belinda Braza, Clement Irbil og Cici Henriksen. Idé, regissør og koreograf Belinda Braza. Scenograf og lysdesignar Clement Irbil. Komponist, arrangør, lyddesignar og musikalsk ansvarleg Peter Baden. Kostymedesignar Ingrid Nylander. Dramaturg Cici Henriksen. Tekstbidragsytarar Hanna Asefaw, Kristofer Blindheim Grønskag, Belinda Braza og Cici Henriksen. Assisterande lysdesignar Øyvin Løype. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.

Dato

11 apr 2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.30

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

Riksteatret
Telefon
24144200
E-post
post@riksteatret.no
Nettsted
Riksteatret

Andre Arrangører

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode