Til toppen

Påska i ord og tonar 2023

Konsert for øyre og hjarte.

Songmøte/Pasjonsgudsteneste med Sunnmøre kristelege mannskor, “Påskekoret”.

Sidan 1932 har det tradisjonsrike koret reist rundt i påska. Det er påskebodskapen som er det sentrale både i song og i tale. Repertoaret er hovudsakleg dei klassiske, evangeliske kor-perlene, men også nokre internasjonale folketonar. „Fastetid“, Himmelske Fader“, „Du sviktet aldri“ og „Høgt frå den himmelske klåra“ er nokre av songane publikum ventar å få høyre, men koret har også noko nytt i bagasjen på kvar turné.

Koret har for tida 25-30 godt vaksne, rutinerte songarar frå heile Sunnmøre som brukar å samle seg i påskeveka til å synge evangeliet. Skjærtorsdag og langfredag syng dei i til saman fem kyrkjer/samlingshus i år.
Svein Eiksund dirigerer koret.
Gratis inngang. Inntekt frå kollekt og sal av CD-ar går til Møre og Romsdal krins av KFUK/ KFUM
Stikkord: , ,

Dato

07 apr 2023
Utløpt!

Tid

11.00 - 12.00

Mer info

Les mer

Arrangør

Sunnmøre Kristelege Mannskor
E-post
sunnmorekristelegemannskor@gmail.com
QR-kode