Til toppen

Livsnyterhagen med @arcticgardener

Hageprofil Anders Røyneberg aka @articgardener på instagram, er snart ute med ny bok om hageplantar.
I boka Livsnyterhagen blir vi med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige, unike og vakre hage på Hadeland. Boka er spekka med gode idear og praktiske tips til inspirerande hageprosjekt som er enkle å gjennomføre.
Saman med kjærasten har han bytta ut leilegheit i Oslo med småbruksdraumen på hadeland. I boka får vi ta del i planlegginga av hagen, og sjå dei endringane som er gjort ved hjelp av før – og etterbilete.
Om draumen er din eigen grønne oase, utan timevis med innsats, så er dette foredraget for deg! Uansett storleiken på balkongen eller hagen din, er målet til Anders Røyneberg å inspirere deg til å lage ditt eige grøne pusterom.
Om foredragshaldarane:
Anders Røyneberg er fødd på Jæren, oppvaksen i Østfold og bur no på Hadeland. Han er agronaom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider han som terapeut, skribent og foredragshaldar.
Erik Schjerven er frå Oppland og er utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og arbeider til dagleg som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skreve bøkene Plantelykke og Plantebonanza, som begge er bestseljarar i Noreg. Våren 2023 kjem den fyrste hageboka, Livsnyterhagen, som dette foredraget baserer seg på.
Det vil bli utdeling av ein grøn giveaway til ein heldig publikummar!
Velkomen!

Dato

30 mar 2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.00

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode