Til toppen

Inntrykk frå Palestina og Israel v/Odd Erling Vik Nordbrønd

Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi inviterer til foredrag med Odd Erling Vik Nordbrønd på Ålesund bibliotek.
Etter at krigen blussa opp i Gaza 7. oktober i år, kjenner mange behov for å forstå meir av kva som skjer og har skjedd i Midt-Austen-regionen. Dette foredraget gir eit bakteppe for hendingane.
I september 2022 reiste Odd Erling Vik Nordbrønd i området saman med ei gruppe studentar frå Global Safari ved Sunnmøre Folkehøgskule, ein skule i KFUK-KFUM. Reiseruta gjekk innom Tel Aviv, Jerusalem, Betlehem, Beit Sahor, Ramallah, Hebron.
Målet var å gi elevane førstehands kjennskap til aktuelle globale problemstillingar i området. Korleis lever menneska her?
Vi får sjå bilde frå reisa, høyre om daglegliv og menneskemøte, m.a. med menneskerettsorganisasjonar i Israel og eit kultursenter i flyktningleiren i Betlehem.
I foredraget får vi også innsikt i bakgrunnen for opprettinga av staten Israel, og kva det vil seie å leve under okkupasjon.
Odd Erling Vik Nordbrønd er sjukehusprest, aktiv KFUM-ar og styremedlem i Palestina-komiteen.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Velkomen!
  • Pris:

    Gratis

Dato

07 des 2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode