Til toppen

Førpremiere: The Recovery Channel

Velkommen til ei unik filmoppleving! THE RECOVERY CHANNEL vil ha førpremiere på LØVENVOLD TEATER med filmskaparen til stades.
Onsdag 28. februar
16.30 Dørene åpner
17.00 Intro med filmskapar Ellen Ugelstad.
17.15 Filmvisning
19.00 Panelsamtale på scena 20.00 Arrangement slutt
Etter vising av filmen vert det samtale med fokus på dei framtidige psykiske helsetenestene: Korleis vil dei sjå ut? Korleis skal vi kome dit?
I panelet: Ellen Ugelstad (filmskapar), Inger Mari Eidsvik (medverkande), Tor Øyvind Hummelsund
(psykiater), Monica Molvær (Varaordførar) og Mariann Ulvestad (politikar), Arild Kvamme (LPP).
Panelet vert moderert av Tor Johan Ekeland (professor emeritus ved Høgskulen i Volda).
Om filmen:
THE RECOVERY CHANNEL handlar om ein nyhendekanal som går djupt og presenterer nyhende om psykisk helse, menneskerettar og tvang i psykiatrien. I tillegg følger vi redaksjonsmøta og nyhendeankeret Randi sitt liv utanfor sendinga, som pårørande til søstera Ylva, som ikkje vil ta imot hjelp. The Recovery Channel er både eit personleg og eit politisk prosjekt. Filmen er basert på filmskapar Ellen Ugelstad sine eigne erfaringar med ein yngre bror som har vore inn og ut av psykiatrien i over 25 år. Sjå trailer: https://vimeo.com/twentyonepictures/teaser
Om regissøren:
Ellen Ugelstad er ein prisvinnande regissør som fekk ein BFA i film i San Francisco, California. Ugelstad sine filmar strekk seg frå dokumentar til fiksjon og utforskar tematikk som normalitet og galskap, makt og avmakt, sjuk og frisk. Indian Summer, om hennar yngre bror som lever med schizofreni diagnose, vart nominert til International Young Talent Award på DOK Leipzig, og Nordic Dox Award på CPH:DOX og nominert til Gullruten for beste regi og dokumentar. Kortfilmen hennar Møterommet vann beste manus på den norske kortfilmfestivalen i 2017. I hybridfilmen Making Sense Together (2018) som nyleg vart vist på Nasjonalmuseet, vert tilhøvet mellom makt og avmakt i psykiatrien undersøkt.
Kontakt oss for mer info eller intervjuer med regissør Ellen Ugelstad: kathrine@momentium.no

Dato

28 feb 2024
Utløpt!

Tid

17.00 - 20.00

Sted

Løvenvold Theater
Løvenvoldgata 11, 6002 Ålesund
Nettsted
https://lovenvoldtheater.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Løvenvold Theater
E-post
kathrine@momentium.no
Nettsted
Løvenvold Theater
QR-kode