Til toppen

Førjulssøndag på Sunnmøre museum

Dypp stearinlys, smak heimelaga krumkaker, goro og nysteikt julebrød. Bak peparkaker og potetkaker, steik eplebåtar, lag julehjarte, julekorger og perlehjarte. Snekre og male småbåt, høyr spanande eventyr og mykje meir!

Torader i Nordvest fyller Yttarlandstova med lystige tonar og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys og lykter og vakker song. I Åkre bedehus går vi rundt juletreet med song og glade trekkspeltonar.

Ved kyrkjebudene og på Buholmen finn du buder med alt frå kremar og oljar til nålebinding og saueskinn.

Og innimellom kan du ta ein pust i bakken i stemningsfylte Ytterlandstova med ein kopp kaffi, ei lun svele eller ein nysteikt vaffel. I museumkafeen har vi nydeleg rømegraut, smakfulle kjøtpølser frå Hole, heimelaga kaker og sveler, varm kakao og nykverna kaffi frå Jacu.

Velkomen til ein aktivitetsrik og kjekk førjulssøndag for heile familien!

Stikkord: , ,

Dato

03 des 2023
Utløpt!

Tid

12.00 - 16.00

Mer info

Les mer

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode