Til toppen

Forfattarmøte med Ståle Eskeland, “Sinnamekker’n”

Sula bibliotek inviterer til forfattarbesøk med Ståle Eskeland torsdag 11. april kl. 20.00. Ståle Eskeland, eller Sinnamekker’n frå Stord, kom ut med ei fantastisk bilbok i 2023.
Ståle er ein av Norges største bilentusiastar og har eigd over 500 bilar. I boka får du historier om dei 20 største bilopplevingane hans og mange flotte foto, difor heiter boka Bilalbum. I foredraget presenterer han boka og fortel om sitt eige forhold til bilen og hobbyen, men også kva bilen betyr for bygda. Han er innom tema som mekking, kjøp, sal og pruting og køyreopplevingar ein kvar som er “ein smule” bilinteressert vil kjenne seg igjen i. Han viser også bilete og filmsnuttar som er bilrelatert med preg av humor og nostalgi.

Velkommen!

Arrangementet er i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal.

  • Pris:

    Gratis og åpent for alle.

Dato

11 apr 2024
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.00

Sted

Sula bibliotek
Fyllingvegen 11, 6030 Langevåg
Nettsted
https://www.sula.kommune.no/sulabibliotek/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Sula bibliotek
Telefon
957 10 241
E-post
sula.bibliotek@sula.kommune.no
Nettsted
Sula Bibliotek
QR-kode