Foredrag: Sivert og stjernene
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til foredraget «Sivert og stjernene – ei forteljing om bondesonen og opplysningsmennesket Sivert Aarflot» ved historikar Ingvil E. Grimstad.
Sivert Aarflot f. 1759 kom frå enkle kår og fekk berre 22 dagar med skule. Likevel hadde han ein sjeldan tørst etter kunnskap.
Han opna bibliotek og han starta det første trykkeriet på landsbygda i Noreg. Han var lærar og samlar av tradisjonsstoff og historie. Han var interessert i alt frå makken i molda, til stjernehimmelen. Vi kan med rette kalle bondesonen frå Aarflot i Ørsta eit opplysingsmenneske.
Særleg gledde han seg over å undervise ungdom i den frivillige ungdomsskulen. Her var han innom det meste, ikkje minst stjernehimmelen.
For bøndene på denne tida var det framleis Bibelen som hadde svara på den store forteljinga om jorda, sola og stjernene. Sivert sine forteljingar frå dei vitskaplege bøkene han hadde fått tak i må ha gjort eit enormt inntrykk på ungdomen i Ørsta.
-
Pris:
Inngang: 50,-
Medlemmer i Sunnmøre Museumslag: gratis
