Til toppen

Filmvisning og kuratorsamtale i “Per Inge Bjørlo. Glas, jord, eld”

Bli med på ein kveld via Per Inge Bjørlo sin kunst!
Som ei markering av siste visningshelg av «Per Inge Bjørlo. Glas, jord, eld» inviterer vi til kveldsope museum med filmvising og kuratorsamtale. Gratis og ope for alle!
▪️18.30 Dørane opnar
▪️19.00 Filmvising i Overlyssalen
▪️Heile museet held ope til kl. 21.00
Vi startar med framsyning av eit foredrag av Bjørlo heldt i Kunstnernes hus i 2019. Det gir eit unikt innblikk i den kunstnariske prosessen til ein av Noregs mest anerkjende kunstnarar. I foredraget fortel Bjørlo korleis oppvekst, arv og menneskelege erfaringar har forma og gitt næring til kunsten hans.
Etter foredraget inviterar kuratorane for utstillinga, Benedikte Holen og Solfrid Otterholm, til ein samtale med publikum.
Vi held både Jugendstilsenteret og KUBE ope fram til kl. 21.00, og det blir også muleg å sjå nymonteringa av den faste samlinga i 2.etg i Jugendstilsenteret – ei utvida utstilling med fleire nye tilskot til samlinga. Sal av snacks og forfriskingar.
Velkomen alle!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle.

Dato

29 feb 2024
Utløpt!

Tid

18.30 - 21.00

Sted

Jugendstilsenteret og KUBE
Apotekergata 16, 6004 Ålesund
Opening Hour
11.00-17.00 tirsdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/jugendstilsenteret-kube?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode