Til toppen

Kjønn, identitet og barn på Ålesund bibliotek

I mai 2023 hadde Ålesund bibliotek ein serie om kjønn, identitet og barn på Moa bibliotek. Det var annonsert at det skulle følgjast opp med fleire arrangement, og 27. februar er vi klar for det første av to nye arrangement om dette temaet.
I debatten om kjønn er det to ulike hovudperspektiv; betraktar vi kjønn først og fremst som ein biologisk kjønna kropp, eller vektlegg vi kjønn som ein opplevd indre essens? I vårt første arrangement skal vi undersøkje det første perspektivet grundig.
Biolog Glenn-Peter Sætre gav i 2023 ut boka «To kjønn». Han skriv om dei dramatiske konsekvensane utviklinga av kjønna formeiring fekk for livets opphav, og korleis det framleis pregar alt levande, inkludert mennesket. Han meiner det er viktig å ha ei god forståing av kva biologisk kjønn er når vi diskuterer kjønn og kjønnsidentitet.
Anne Kalvig gav i 2023 ut boka «Kjønnstru, kampen om røynda». Der skriv ho mellom anna om kva konsekvensar det får både for barn, kvinner og menn dersom vi byter ut ei objektiv forståing av kjønn med ei subjektiv, og kjønn blir noko ein kan velje.
Kamilla Aslaksen er førsteamanuensis ved Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet. Ho har sett på korleis temaa kjønn og kjønnsidentitet blir omhandla i lærebøker og barne- og ungdomslitteratur.
Etter innleiingar blir det ein panelsamtale mellom bidragsytarane. Det heile skjer i ramma av konseptet «Korleis snakkar vi om…», der også publikum blir invitert med i samtalen.
Formålet med dei to samlingane er å auke kunnskapen blant vaksne slik at vi kan ha trygge og opne samtalar med barn og unge, og litteratur kan ofte vere eit utgangpunkt for slike samtalar.
Målgruppa er alle som har barn eller jobbar med barn og unge, men arrangementet er sjølvsagt ope for alle som ønskjer å auke kunnskapen sin og få meir innsikt i temaet.
Velkommen!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle.

Dato

27 feb 2024
Utløpt!

Tid

18.00 - 20.00

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode