Til toppen

Er du 12-17 år? Test eit spanande AR-eventyr

Interessert i historie og teknologi? Vi søkjer ungdomar i alderen 12-17 år til å teste “Lille Aarsille”, ein spanande AR-app!

Masterstudent i Mediepraksis ved Høgskulen i Volda, Isak Horgar, utviklar AR-eventyret “Lille Aarsille” som ein del av masteroppgåva si. Målet med prosjektet er å utforske bruken av AR i museumsutstillingar, forteljingar og bevaring av kulturarv.

“Lille Aarsille” er ei interaktiv oppleving som let brukarane møte Aarsille Cathrine Strøm, eit rampete og misfornøgd spøkjelse. Ho introduserer deg for karakterar og historier frå Sunnmøres kulturarv.

Delta i fokusgruppe
Vi inviterer deg til å vere ein del av ei fokusgruppe som testar “Lille Aarsille”-appen, og delta i ein kvalitativ studie for å samla tilbakemeldingar om den generelle opplevinga. Tilbakemeldingane dine vil bli behandla konfidensielt og vere ein viktig del av forskingsprosjektet.

Påmelding
Send ein e-post til isakhorgar@gmail.com eller kontakt Isak på 980 69 042 innan torsdag 20. april.

Testøkta og intervjua finnar stad laurdag 22. april kl. 13.00 på Sunnmøre museum og varer i eit par timar. Det blir servert brus og snop.

La oss utforske “Lille Aarsille” saman og høyra dei verdifulle tilbakemeldingane dine!

  • Aldersgrense: 12-17 år
  • Pris:

    Gratis

Dato

22 apr 2023
Utløpt!

Tid

13.00 - 15.00

Mer info

Les mer

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode