Til toppen

Det mørke fortet – Et Minecraft-eventyr

Ei spennande teateroppleving for deg som likar å spele Minecraft og for alle som har lyst på ei actionspekka familieframsyning om vennskap, familie og det å stå på eigne bein.
Vegard spelar Minecraft, men livet elles er drit. Han flyttar frå mora til storebroren sin og må klare seg sjølv, utan vennar på ein helt ny stad.
Ein dag møter han Marah. Ho og vennane hennar er på sommarleir og spelar Minecraft på kveldane. Vegard får prøve seg, men han brenn ned landsbyen deira og alt går gale. I det fjerne begynner eit truande, mørkt fort å reise seg.
Vegard oppdagar at nokon er etter han. Ein som kjenner han altfor godt, og som gjer alt for å øydelegge.
Bli med til ei oppslukande verd der spel og verkelegheit smeltar saman!
Youtubar og gamar Jonas Lihaug Fredriksen spelar Vegard sin storebror saman med skodespelarane Arjan Nilsen, Albertine Lundgren, Siren Jørgensen og Maria Lingfors. Lokale barn og ungdommar bidrar som Minecraft-spelarar i kvar framsyning.
«Det mørke fortet» er ei familieframsyning frå Riksteatret der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna.
Framsyninga passar spesielt godt for litt større barn.

Ikkje tilrådd for barn under 6 år.

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Urpremiere i Oslo, Nydalen 16. februar 2024
Turnépremiere i Molde 23. februar 2024
Av Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø. Regissør Frode Gjerløw. Medregissør Håkon Dalsbø. Lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen. Komponist Raymond Enoksen. Videodesignar Thomas Gallagher. Minecraft-verdenen blir skapt av Skogliv. Dramaturg Mariken Lauvstad. Leiar for skodegamarar Raymond Corrado Knutsen. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teatret Vårt og Hålogaland Teater. Framsyninga er ein av vinnarane av Rikspitch 2021.
«Det mørke fortet» er ikkje eit offisielt Minecraft-produkt.

Dato

03 mar 2024
Utløpt!

Tid

18.00 - 20.00

Sted

Parken kulturhus
Parkgata 3B, 6003 Ålesund
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/?source=bypatrioten&medium=kalender

Arrangør

Parken kulturhus
Telefon
70162468
E-post
billett@alesund.kommune.no
Nettsted
Parken Kulturhus
QR-kode