Dans for unge vaksne
Ta med ein ven eller fleire og kom! De treng ikkje ha dansa tidlegare. Kurset er gratis!
Danseinstruktør: Milla Osa
Spelemann: Britt Elise Skram
Oppmøte: Åkre bedehus på Sunnmøre museum
Dansesamlingane er eit utspring frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans si nye satsing, Dansespor, som vart starta opp hausten 2022. Målet er å skape meir folkedansaktivitet i lokalmiljøa.
-
Pris:
Gratis
